Skuleløpet - Friidrettens dag på Arna idrettspark 6.sep.

Onsdag 6.sep. arrangerer vi Skuleløpet - Friidrettens dag på Arna idrettspark for elevar i grunnskulen i Arna bydel. I år introduserer vi eit nytt konsept med 3 øvingar for dei aller yngste, men for dei eldste vert det framleis den tradisjonelle 200m.

2017-08-29
Ove Leon Låstad

    Skuleløpet - Friidrettens dag

Friidrettsgruppa i IL Fri inviterer med dette til

Skuleløpet - Friidrettens dag for alle skulane i Arna bydel på

Arna idrettpark onsdag 6.september med start frå kl. 17:30

 

Foto%20Skulel%F8pet.jpg

 

  • Påmelding og utdeling av startnummer løpsdagen frå kl. 17:00 og utover

  • Startkontingent kr.50 for 1-10.klasse. NB: Vi tar både kontantar og Vipps

  • Altså ingen påmelding eller betaling til skulen. Elevane og føresette ordnar med påmelding sjølve.

  • Alle frå 1-10. klasse som fullfører får medalje, saft og kakemann

Klassar og øvingar:

Jenter og gutar 1-5. klasse, 60m-lengde-liten ball

Jenter og gutar 6-7. klasse, 60m-lengde-liten ball eller kun 200m

Jenter og gutar 8-10. klasse, kun 200m

  • Etter 60m går ein direkte til lengde og deretter til liten ball.
    Alle får 1 prøvehopp/kast (blir ikkje målt) og 2 forsøk som blir målt.
    Resultata blir notert på startnummeret.

  • Det er ikkje lov å bruka piggsko for 1-7.klasse

 

Tidsskjema med ca. starttider for 60m:

17:30 1.klasse ,

17:50 2.klasse,

18:10 3.klasse,

18:30 4.klasse,

19:00 5.klasse,

19:15 6.klasse,

19:30 7.klasse

 

Tidsskjema med ca. starttider for 200m:

19:50 6.klasse,

20:00 7.klasse,

20:10 8-10.klasse

 

Innlagt seriestevne for junior-senior og veteran (ca. starttider)

20:30 200m

20:45 3000m

21:00 1500m

21:10 800m

          

PÅMELDING løpsdagen seinast 15 min. før oppgitt starttid for skule-elevane.

For junior-senior-veteran er det påmelding seinast 30 minutt før øvinga startar. Startkontingent kr.60,-           

Reportasje kjem på www.il-fri.no  og i Bygdanytt.

Vel møtt til det 36. Skuleløpet - Friidrettens dag på Arna Idrettspark 6. september

Kalender

November
MTOTFLS
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123

Aktiviteter

06.12.2017
Frikarusellen løp nr.3

19:00 - 20:00

Espeland idrettsplass